Praktisk info
1. Overnatting
Vi har ordna ei avtale med Quality Hotel Ålesund der bryllaupsgjestane våre får ein hyggeleg rabatt på overnatting denne helga. Hotellet ligg midt i Ålesund sentrum, med gangavstand til rutebilstasjonen. Tilbodet gjeld enkelt- og dobbeltrom, med frukost inkludert.
For å nytte rabatten kan de trykke på knappen nederst på denne sida og følge lenka til booking. Alternativt kan de ringe eller sende e-post til hotellet og oppgje referanse "Ingrid Eiken Bryllupsgjester" for å bestille. Kontakt: 70 16 00 00 / q.alesund@strawberry.no
De vel sjølvsagt den overnattinga som passar best for dykk - det finst mange hotell i Ålesund sentrum, og óg fleire Airbnb-alternativ i Ålesund og på Giske!
2. Transport
Til vigsla:
Avreise med buss frå Quality Hotel Ålesund til Sunnmøre Museum ca. kl. 13:45.
Frå Sunnmøre Museum er det 5 minutt å gå gjennom museumsområdet til Borgund kyrkje.
Etter vigsla, ca. kl. 15:30, køyrer bussen til Øygardshallen på Giske.
Etter festen:
Etter festen vil det gå buss i retur frå Øygardshallen til Quality Hotel Ålesund kl. 02:00.
3. Toastmaster
Våre fantastiske toastmasterar denne kvelden er Joakim Henden og Oddbjørn Almenning. Dei vil lose oss gjennom middagen og sørge for god stemning, latter og fine talar.
Om du ønsker å halde tale eller bidra med eit innslag, ver venleg å ta kontakt med dei på førehand:
Joakim: 482 48 344 / Oddbjørn: 941 42 544
4. Kleskode
Formell - Mørk dress og lang kjole, eller tilsvarande festantrekk.
5. Allergiar eller andre preferansar?
Dersom du har matintoleransar, allergiar, ønsker vegetaralternativ el. vil vi gjerne at du gir beskjed om det på førehand. Gi gjerne óg beskjed om de ønsker alkoholfri drikke. Du kan enkelt opplyse om dette når du svarar på RSVP.